Hopp til innhold

Arrangere flygeoppvising

Flygeoppvisingar må planleggjast grundig både på bakken og i lufta. Her finn du informasjon om kva du treng for å arrangere.

Dersom du skal arrangere ei flygeoppvising som er annonsert og open for publikum, skal arrangementet gjennomførast etter BSL D 4-3 Forskrift om flygeoppvising. Vi skil mellom to typar: Enkeltståande flygeoppvisingar som berre inneber eitt programinnslag same dag, og flygeoppvisingar som har fleire programinnslag.

Enkeltståande flygeoppvisingar

Slike flygeoppvisingar er gjerne populære der det blir gjennomført andre typar arrangement og ein ønskjer å inkludere ei oppvising med eit luftfartøy. Oppvisingspiloten kan stå som ansvarleg oppvisingsleiar. Han eller ho må sende melding til Luftfartstilsynet minimum tre dagar før planlagt flyging.

Planlegging

Sjølv om enkeltståande flygeoppvising berre inneber eitt luftfartøy, er det viktig å byrje planlegginga så tidleg som råd. Dette gjeld mellom anna avtale med grunneigar, avtale med lufttrafikktenesta, invitasjonar til oppvisingspilotar, organisasjonar osv.

Forbered varsel

Vi har utarbeidd eit skjema du må nytte for å varsle. Følgjande må leggjast ved:
a. Kart over området der du viser publikumsplassering, ferdselsområde, parkering for luftfartøy, køyretøy, førstehjelp og minsteavstandar til publikum. Du kan til dømes nytte www.scribblemaps.com for å utarbeide kart.
b. Program med oversikt over fartøysjefar, type luftfartøy og registrering.
c. Stadfesting frå lufttrafikktenesta (dersom dette er relevant).
d. Stadfesting frå politiet om at dei er kjende med arrangementet.
e. Andre involverte partar (t.d. grunneigar).
f. Risikoanalyse (dette er i alle tilfelle tilrådd, men obligatorisk i samband med store flygeoppvisingar).

Du finn skjema for tilskiping av flygeoppvising (NF-1073) her.

Send inn varsel

Send oss varselet så snart du har det klart – seinast tre dagar før flygeoppvisinga skal finne stad. Dette er viktig for at vi skal kunne behandle varselet og mellom anna koordinere arrangementet med blant andre lufttrafikktenesta og vår eiga beredskapsvakt. Du kan gjerne sende varselet til oss som e-postvedlegg. Bruk postmottak@caa.no.

Svar på varsel

Vi gir berre ei stadfesting på at vi har fått varselet ditt. Dette gjer vi gjerne på e-post. Viss vi har innvendingar, får du dette som vedtak.

Flygeoppvising

Vi skil mellom små og store flygeoppvisingar. Ei lita flygeoppvising er med to til fem programinnslag. Store flygeoppvisingar har seks eller fleire programinnslag. Det blir stilt ulike krav avhengig av om det skal gjennomførast ei lita eller stor flygeoppvising. Oppvisinga, oppvisingsleiar og operativ oppvisingsleiar må likevel alltid godkjennast av Luftfartstilsynet. Du kan lese meir om krava for å få godkjenning i BSL D 4-3 Forskrift om flygeoppvising.

Planlegging

Start planlegginga i god tid. Det er mange oppgåver som må gjerast. Kor mykje planlegging som trengst, avheng av kor stort arrangementet er og kva programinnslag du ønskjer. Store oppvisingsteam planlegg ofte sesongen fleire år i forkant. Det er viktig at du utfører ein tryggleiksanalyse på eit tidleg stadium, slik at du får kartlagt kor du må setje inn tiltak og kva som må gjerast. Direktorat for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har utarbeidd ein rettleiar for tryggleik ved store arrangement.

I vår rettleier for risikostyring og risikohandtering finn du ei liste med farar tilknytta flyoppvisning. Denne kan vera veldig nyttig i planleggingsarbeidet.

Forbered søknad

Vi har utarbeidd eit skjema du må nytte for å søkje. Søknaden må ha følgjande vedlegg:
1. Kart over området der du viser publikumsplassering, ferdselsområde, parkering for luftfartøy, køyretøy, førstehjelp og minsteavstandar til publikum. Du kan til dømes nytte www.scribblemaps.com for å utarbeide kart.
2. Program med oversikt på fartøysjefar, type luftfartøy og registrering.
3. Stadfesting frå lufttrafikktenesta (dersom dette er relevant).
4. Stadfesting frå politiet om at dei er kjende med arrangementet.
5. Stadfesting frå andre involverte partar (t.d. grunneigar).
6. Risikoanalyse (dette er i alle tilfelle tilrådd, men obligatorisk i samband med store flygeoppvisingar).

Vi godtek normalt at det blir lagt til nye programinnslag i oppvisingsprogrammet to dagar før flygeoppvisinga skal finne stad. Arrangøren kan når som helst fjerne programinnslag.

Du finn skjema for tilskiping av flygeoppvising (NF-1073) her.

Send inn søknad

Send inn søknaden så snart han er klar og seinast fire veker før flygeoppvisinga skal finne stad. Dette er viktig for at vi skal kunne behandle søknaden og mellom anna koordinere arrangementet med blant andre lufttrafikktenesta og vår eiga beredskapsvakt. Du kan sende søknaden til oss som e-postvedlegg. Bruk postmottak@caa.no.

Behandling og svar på søknad

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Du får svar frå oss så snart som mogleg. Dersom vi har spørsmål til søknaden, vil vi ta kontakt per e-post eller telefon. Vi må svare per brev, men har høve til å sende kopi av vedtaket per e-post. Dersom du søkjer som privatperson og har oppretta sikker, digital postkasse, vil vi sende svaret vårt til denne så snart som mogleg.

Inspeksjon og oppfølging

Luftfartstilsynet gjennomfører inspeksjonar av godkjende flygeoppvisingar. Dette inneber at vi er til stades før og under arrangementet for å kontrollere at det blir gjennomført i tråd med krava i forskrifta og opplysningane som søkjaren har oppgitt i søknaden. I tillegg forsikrar vi oss om at farar som er identifiserte i risikoanalysen, blir tekne hand om som planlagt.

Gebyr

Luftfartstilsynet krev gebyr for behandling av søknad og tilsyn med flygeoppvisingar. Du finn satsane for gebyr i BSL A 1-2 Gebyrforskrifta.