Fallskjermhopping
I Noreg har det blitt drevet med sivil fallskjermhopping sidan midt på 1960-talet. Då blei fallskjermklubben Norsk Aero Klubb etablert. For å hoppe fallskjerm i Noreg må du blant anna vere tilknytt ein godkjent organisasjon, og for å gjere sjølvstendige hopp må du ta kurs. Les meir om retningslinjene her.
I dag finn ein fallskjermklubbar frå Tromsø i nord til Stavanger i sør. For å hoppe fallskjerm i Noreg, må ein vere tilknytt ein organisasjon som har fått godkjent eit sikringssystem av Luftfartstilsynet.
Det blir stilt strengje krav til eit godkjent sikringssystem. I tillegg til at den som eig sikringssystemet har ansvar for oppfølging, gjer Luftfartstilsynet kvart år tilsyn med utvalde klubbar for å forsikre oss om at aktiviteten er i tråd med godkjent sikringssystem.
Per i dag finst det to godkjente sikringssystem i Noreg. Norges Luftsportsforbund (NLF) eig det største og organiserer alle fallskjermklubbar i Noreg. Norges Luftsportsforbund er også eit særforbund i Idrettsforbundet.
Dersom du ønskjer å bli fallskjermhoppar, må du gjennomføre ei fallskjermutdanning. NLF har gjennom det godkjente sikringssystemet sitt, høve til å utdanne fallskjermhopparar. Du kan anten ta eit line-kurs eller eit AFF-kurs. Denne grunnleggjande utdanninga er dei fallskjermklubbane som er tilknytt NLF som står for.
Linekurs
Kurset inneheld ein teoridel og ein praktisk hoppdel. Dei fyrste hoppene blir gjennomførte slik at skjermen blir utløyst av ei line som er festa til flyet. Utspranget skjer i 3.500 fot (ca. 1000 meter). Du må gjennomføre 6 godkjente linehopp før du er klar for å hoppe fritt fall, det vil seie at du sjølv utløyser fallskjermen. Du må deretter gjennom ein progresjonsplan der du gradvis aukar tida opp mot 60 sekund i fritt fall. Etter enda og godkjent progresjon, minimum 24 hopp, vil du få utstedt A-lisens som sjølvstendig fallskjermhoppar.
AFF-kurs (akselerert fritt fall)
Fem av NLF sine klubbar tilbyr AFF-kurs. Som linekurset inneheld det ein teoridel og ein praktisk hoppdel. Forskjellen mellom line- og AFF-kurs er at du under AFF-utdanninga startar direkte med 50 sekund i fritt fall frå 12 500 fot (ca. 4.000 meter), der du på dei fyrste hoppa hoppar saman med to instruktørar. Etter enda kurs, minimum 20 hopp, vil du få utferda A-lisens som sjølvstendig fallskjermhoppar. AFF-kurset vert rekna som den mest effektive utdanningsforma. Om du set av ei veke til å gå kurs, kan du oppnå status som sjølvstendig hoppar i løpet av seks dagar.
Korleis komme i gang med fallskjermhopping
Dersom du ønsker å vite meir om fallskjermhopping, kan du ta kontakt med Norges Luftsportforbund.