Sertifikater
I Noreg utferdar Luftfartstilsynet sertifikat du kan nytte for privatflyging og rekreasjonsflyging. Unntaket er sertifikat som gjeld ballong og seglfly. Desse sertifikata blir utferda av Norges Luftsportstilsyn (NLT).
Luftfartstilsynet er ein offentleg etat under Samferdselsdepartementet. Vi er utpeikte som kompetent styresmakt, og utferdar sertifikat basert på nasjonalt og europeisk regelverk.