Vår kjerneverksemd
Luftfartstilsynet har hovudansvaret for å føre tilsyn med norsk luftfart. Tilsynet skal i tillegg vere ein aktiv pådrivar for sikker og samfunnsnyttig luftfart i tråd med dei overordna måla i samferdselspolitikken som regjeringa har bestemt. Du kan her lese meir om kjerneoppgåvene våre.
Godkjenning
Luftfartstilsynet gjennomfører ulike former for kontroll før eit tilsynsobjekt blir godkjent og eit rettsdokument skrive ut. Dei vanlegaste formene for godkjenning er dokumentgransking, testing og inspeksjonar. Godkjenning gjeld organisasjonar, luftfartøy, materiell og personar som anten er tilsette eller søkjer jobb i sivil luftfart. Godkjenning blir initiert av søknader frå aktørar i luftfarten eller krav til regelmessig fornying av eksisterande rettar.
Tilsyn
Dette er i hovudsak planlagde inspeksjonar av ulike grupper av tilsynsobjekt. Grunnlaget for verksemdstilsynet er nasjonale og internasjonale krav for flytryggleik, og Luftfartstilsynet har på bakgrunn av dette definert ein policy for kor ofte det skal gjennomførast inspeksjonar for dei ulike gruppene av tilsynsobjekt.
Regelverksutvikling
Størstedelen av regelverksutviklinga skjer i internasjonale samarbeidsforum
som Luftfartstilsynet tek aktivt del i. Regelverket avgjer kva krav som må stillast for å oppnå eit høgast mogleg tryggleiksnivå. I Noreg blir det nasjonale regelverket oppdatert fortløpande etter kvart som internasjonale reglar blir innførte som norske.
Kommunikasjon
Eit viktig ledd i det førebyggjande flytryggleiksarbeidet er å informere brukarane. Tryggleikstenkinga blir utvikla kontinuerleg, og dette skal formidlast på ein effektiv måte. Døme på informasjonstiltak er kunngjeringar, statistikk over ulukker og hendingar, konferansar, pressemeldingar og anna informasjonsmateriale. Nettsidene er i dag den viktigaste informasjonskanalen, men vi vurderer kontinuerleg også andre måtar å informere på. I tillegg arrangerer vi sjølv fleire større konferansar, der Luftfartskonferansen i Bodø i dag er eit av dei største årlege luftfartsarrangementa i Nord-Europa. Tilsette i Luftfartstilsynet deltek også ofte på andre konferansar, arrangement og tilstellingar for å informere om verksemda vår.