Rapportere ei luftfartsulukke eller –hending
Ifølgje rapporteringsforordninga er personar i luftfarten pliktige å rapportere luftfartshendingar som kan utgjere ein vesentleg risiko for flytryggleiken.
Rapportar om luftfartsulukker og alvorlege luftfartshendingar skal sendast både til Luftfartstilsynet og Statens havarikommisjon for transport. Rapportar om hendingar som ikkje er alvorlege, skal berre sendast til Luftfartstilsynet. Du finn her meir informasjon om kven som har rapporteringsplikt, og kva som skal rapporterast.
Fra 1. juni 2023 bruker Luftfartstilsynet ECCAIRS2 som rapporteringssystem for luftfartshendelser og -ulykker. Aktører kan benytte seg av to ulike rapporteringsmetoder. Skjemaet NF-2007 erstattes med skjema på aviationreporting.eu.
Organisasjoner med eget rapporteringssystem kan benytte API for automatisk rapportering. Individuelle rapportører og organisasjoner uten mulighet for API, må registrere seg i aviationreporting.eu for å rapportere hendelser.
API til ECCAIRS2
Organisasjoner som ønsker automatisk rapportering via eget rapporteringssystem kan sette opp dette gjennom et API. Tilgang til testmiljø og informasjon for å sette opp en slik løsning bestilles hos Luftfartstilsynet via følgende skjema.
Lurer du på noe om format, innsendingsmetoder eller andre tekniske forhold?
Send en e-post til: safetydata@caa.no
Rapportering uten API
Aviationreporting.eu erstatter tidligere løsning med Altinn. Rapporterende organisasjoner som ikke benytter seg av API må registrere seg i kontaktskjemaet til aviationreporting.eu.
I skjemaet velger du CAA Norway under “Competent Authority” og velg “Request Access” under “Kind of support”. I fritekstfeltet ønsker vi også at du oppgir stillingstittel til kontaktpersonen. Forespørselen blir da videresendt til Luftfartstilsynet som oppretter administratorrettigheter til vedkommende. Denne brukeren kan selv administrere brukere i egen organisasjon.
Individuelle rapportører registrerer seg selv ved rapportering i portalen via “Register as an individual user”.
Når du registrer deg får du tilgang til flere menyer, blant annet oversikt over egne rapporter og mulighet til å editere/berike/oppdatere tidligere innsendte rapporter og sende oppdatering til Luftfartstilsynet.
Har du spørsmål om felter, feltverdier eller annet innhold i rapporten?
Send e-post til: occurrence@caa.no
Format og rapporteringsmåte
Kravet i forordning (EU) 376/2014 (artikkel 7), både til styresmakter og industri, om at systema for tryggleiksinformasjon skal vere bygde på ECCAIRS-format og definisjonar framover.
Dei rapporterte opplysningane blir nytta som grunnlag for analysar og tiltak for å betre tryggleiken. Styresmaktene skal ikkje bruke mottekne opplysningar til å fordele skuld og ansvar, men til å oppretthalde og betre flytryggleiken.
Ein viktig del av rapporteringsregelverket er å verne rapportøren mot negative konsekvensar av å rapportere. I samsvar med rapporteringsforordninga har Luftfartstilsynet teieplikt om alle rapporterte opplysningar.
Luftfartstilsynet kan ikkje bruke rapporterte opplysningar som grunnlag for å tilbakekalle personsertifikat, med mindre opplysningane gjer det klart at sertifikatinnehavaren ikkje oppfyller fastsette medisinske krav, eller av andre grunnar er klart uskikka til å ha sertifikatet. Det er også forbode for arbeidsgivar å rette sanksjonar mot den som har rapportert, og mot personar som er omtalte i ein rapport.
Du finn meir informasjon om rapportering av ulukker og hendingar her.
Personopplysningar
I samband med behandlinga av rapporten treng vi visse opplysningar om deg.
Formålet med personopplysningane er å kunne kontakte deg ved behov for meir informasjon om innhaldet i rapporten.
Personopplysningane blir behandla i tråd med GDPR (personvernforordninga frå EU (2016/679)). Behandlingsgrunnlaget er artikkel 6 nr. 1 bokstav e, jf. EU-forordning 376/2014 – rapporteringsforordninga.
Opplysningane blir lagra på rapporten så lenge han ligg i databasen, og vil bli nytta dersom det på eit seinare tidspunkt skulle bli behov for å kontakte deg. Det er såleis ikkje høve til å krevje sletting av registrerte personopplysningar. Rapportar om luftfartstilfelle er unnatekne offentleg innsyn og vil ikkje bli utleverte ved eventuelle førespurnader om innsyn. Dersom du meiner at opplysningane blir behandla i strid med reglane, kan du klage til Datatilsynet.
Luftfartstilsynet er behandlingsansvarleg. Du kan kontakte personvernombodet vårt på personvernombud@caa.no.
Oppdatert 05. mai 2023.